Lesarinnlegg

SFE solgte katta i sekken til Falck Renewables Vind AS

Helst hadde eg sett at kommunestyret kravde at konsesjonen vart trekt tilbake. Alternativet slik det no vert framlagt er nemleg ubeskriveleg, og kan ikkje godtakast som natur og miljøvennleg.

- No vonar eg berre at Stad kommunestyre syter for at denne saka vert behandla på rett måte, det vil seie at avgjerd skal ut på høyring, slik lovverket beskriv ei høyringsrunde, skriv Hans Christian Hansen i Stad Landskap. i dette innlegget.   Foto: Privat

Nyhende

Italiensk eigde Falck vart mest truleg blenda av tanken på å få fingrane ned i den Norske statskassa når Sogn og Fjordane energi tilbaud seg å selje vindkraftprosjektet på Okla til dei. I desse dagar sit nok Falck og lurar på korleis dei skal klare å berge sitt eige skinn. Fjellet på Stadlandet har vist seg å vere vanskeleg å temje, i alle fall ut i frå den konsesjonen som vart gjeven og godkjent av NVE, OED og Stad kommune.

I løpet av åra som har gått sidan det vart søkt om konsesjon på utbygging av vindkraftindustri på Okla, som er eit område omkransa av verneverdige naturtypar, tett attmed turistattraksjonen Vestkapp, viser det seg at ingen har tenkt på å undersøke korleis grunnforholda er i denne naturperla. Ikkje ein einaste politikar, minister, statsråd eller ekspedisjonssjef i norsk statsforvalting tenkte tanken om at den kjøpte og betalte konsekvensutgreiing var mangelfull.

Nei, heller tvert om. Alle som ein har forsvart kvart eitt ord i den papirmølla som har oppstått i kjølevatnet av Okla. Det som no har skjedd er omtrent som om det har gått troll i ord i ordtaket om å stikke fingeren i jorda. Fjellet er ubrukeleg innanfor det område som det er gitt konsesjon til. Det var svært viktig å drive vernearbeid av statsforvaltninga når dei skulle klare å overtyde Ola og Kari Nordmann. Difor vart grensene for området som kunne nyttast satt så små som mogleg, berre 40 meter breidde skulle entreprenørane få boltre seg på. Og entreprenørane, ja dei takka og bukka for no var no dei godt hjelpne.

Men det var før. No er saka heilt annleis. Fjellet smuldrar opp mellom fingrane til grådige entreprenørar, men rådlause av den grunn blir dei ikkje. Dei har sikkert reve ut mange hår før formuleringa og framgangsmåten vart spikra. No har dei gått smilande inn til det politiske apparat og erkjennt at vegtrasen slik den vart godkjent, ikkje er bra for naturen. Dei vil meir eller mindre gjere alt dei kan for å berge mest mogleg av fjellpartiet, og fiskane i elvane. Dei føreslår å optimalisere vegtraseen av nettopp den grunnen. Dei har til og med sagt frå retten til sprenge det fjellpartiet dei hadde fått godkjent for nettopp det formålet.

Til slutt sender dei inn dokumentasjon som skal behandlast av Stad kommunestyre. Det er dokument som brukar forlokkande ord som nettopp optimalisering, det er bra det det. Om det er sant.

Dei sender av garde komplekse kart som viser at dette har dei tatt seriøst. Problemet er at for å forstå slike kart må du kunne lese og forstå kva som står nedteikna. Veg linjer og masseuttak, access Road-lengdeprofil og access-Tverrprofil er dokumenta som dei har sendt inn, og dette er tungleste greier for ein ufaglært som eg er. Men, når eg hadde satt meg skikkeleg inn i kva optimaliseringa til Falck gjekk ut på, ja då må eg verkeleg få seie at eg vart ordentleg uroa, rett og slett redd for at fagre ord skulle skjule sanninga.

Fordi, dei vil utvide området som dei har fått til dispensasjon frå 40 meter til 100 meter, samstundes utvidar dei masseuttaka med over 100% i fleire områder. Dei vil fleire stadar 4-6 meter djupare i terrenget. Det som vil skje om dette vert vedtatt er at heile fjellpartiet som er avsett til denne industriverksemda vert totalt øydelagd, ilag med dei ekstra 60 meterane som det no vert søkt om. Kvifor dette skjer har eigentleg berre eitt godt svar; «Denne konsesjonen skulle aldri vorte tildelt i utgangspunktet!»

Falck har innsett at konsesjonen dei har fått ikkje er god nok, dei har rett og slett kjøpt katta i sekken med Sogn og Fjordane energi som eigentleg berre slapp opp for pengar slik at dei ikkje kunne bygge ut sjølve. NVE og OED har og gjort eit slett stykke arbeid, dei har nemleg rundlurt dei politiske miljøa i Norge, også politikarane i Stad kommune har vortne haldne for narr her. Våre statsforvaltarar burde i utgangspunktet blitt stilt til rett for det dei har gjort i Norge dei siste 20 åra.

No vonar eg berre at Stad kommunestyre syter for at denne saka vert behandla på rett måte, det vil seie at avgjerd skal ut på høyring, slik lovverket beskriv ei høyringsrunde. Helst hadde eg sett at kommunestyret kravde at konsesjonen vart trekt tilbake. Alternativet slik det no vert framlagt er nemleg ubeskriveleg, og kan ikkje godtakast som natur og miljøvennleg.