Dette er situasjonen i Helse Førde

No er fire i isolasjon og 54 tilsette i karantene

Grunna smittesituasjonen i Sunnfjord kommune og at praksisstudentar har fått stadfesta covid-19 smitte er 54 tilsette i karantene, fire av desse i isolasjon. I tillegg er tre innlagde pasientar i karantene.

SITUASJONEN: 54 tilsette i Helse Førde er no sett i karantene, i tillegg til tre innlagde pasientar.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Onsdag vart det klart at 46 tilsette i Helse Førde var i karantene etter utbrot i Sunnfjord kommune og etter at to sjukepleiarstudentar i Helse Førde testa positivt for covid-19 tysdag. Onsdag kveld var dette talet 54. Ifølgje Helse Førde er det grunna kontakt rundt Førde klatresenter at dei fleste av desse no er i karantene, og tolv av desse er direkte knytt til stadfesta smitta personell.