Få inspirasjon til istandsetjingsprosjekt

Eig du eit freda eller verneverdig bygg og treng inspirasjon og motivasjon til å setje det i stand? Riksantikvaren har samla ei rekke prosjekt i ei dømesamling – og fem av dei er frå Vestland.

Både bispestova og hovudbustaden på prestegarden i Lavik vart freda i 1992. Store vasskader i bispestova gjorde arbeidet med å setje i stand bygget ekstra omfattande, og heile takkonstruksjonen måtte bytast ut.  Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Nyhende

– Vi har mange freda og verna bygg i Vestland, både som er sette i stand og som treng istandsetjing. Det kan gjerne vere ein bøyg å setje i gang, vanskeleg å vite kvar ein skal starte og så vidare. Då kan gode døme på korleis andre har gjort det, kanskje vere akkurat det ein treng, seier David Sandved, seksjonssjef for kulturarv i Vestland fylkeskommune.