Uvedkommande rundt husveggane

Fleire personar i Nordfjord har den siste tida hatt uvedkommande gjestar rundt husveggane på natta.

NORDFJORD: Politiet i Nordfjord har blitt merksam på at fleire har hatt uvedkommande rundt husa sine på natta.   Foto: ARKIV

Nyhende

Det melder politiet i Nordfjord på Facebook.

Politiet oppmodar no alle om å kontakte dei ved slike hendingar, uansett kor små tilfella verkar.

– Det kan vere nettopp din kontakt som hjelpe oss med å finne ut kva som skjer, kvifor det skjer og kven det kan vere, skriv dei på Facebook.

Politiet i Nordfjord oppmodar no alle om å hjelpe å førebyggje kriminalitet, og om å låse bilen når den ikkje er i bruk. I tillegg oppmodar politiet alle om å låse døra når ein går frå heimen.