Analyserte 197 prøver - ei positiv

Måndag testa ein person positivt for covid-19 etter at Helse Førde analyserte 197 prøver.

I løpet av dei åtte siste dagane har 13 av dei 2004 analyserte prøvene vore positive.  

Nyhende

Måndag analyserte Helse Førde 197 prøver og ei av desse prøvene var positiv. Det kjem fram i Helse Førde sine oppdaterte tal tysdag morgon. Den positive prøva skal vere tatt i Kinn.