Det er sendt ut oransje varsel med faregrad tre for snøskred i Indre Fjordane både onsdag og torsdag denne veka. Ifølgje varsom.no ligg det store ferske fokksnøflak i leheng mot aust og søraust som er lette å løyse ut. Forholda er krevjande med svake lag i snødekket. Det er også mogleg med fjernutløysing.
Tydelege teikn
Varsom.no oppmodar alle difor om å unngå utløysingsområde og utløpsområde for skred, unngå også leområda der vedvarande svakt lag har snødd ned. Sprekker i snødekke og drønnelydar er tydelege teikn på at det er ustabilt.
Foto: skjermdump varsom.no
Fint vêr
Ifølgje varsom.no er det dei siste dagane observert 30 centimeter nysnø, kraftig vind og drønn i snødekke i Stad. For dei som planlegg å nytte det fine vêret som er meldt av yr.no torsdag og fredag denne veka må vere forsiktige i fjellet.
Både torsdag og fredag er det venta sol og fleire minusgrader i områda rundt Stad, før det ligg an til å bli plussgrader i løpet av helga.