Ein ny person koronasmitta i Kinn

Tysdag var ei av 378 analyserte prøver i Helse Førde positive.

Dei siste åtte dagane har fem personar fått stadfesta covid-19 smitte etter at Helse Førde analyserte 1482 prøver.  

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal onsdag morgon, testa ein person positivt for covid-19 tysdag. Helse Førde analyserte då 378 prøver, noko som er det høgste talet på analyserte prøver på over åtte dagar. Den positive prøva er tatt i Kinn. Ifølgje VG sine tal har totalt 56 personar i eller frå Kinn fått stadfesta covid-19 smitte sidan i vår.