Ein ny smitta i Stad

Torsdag fekk ein person i Stad stadfesta covid-19 smitte. Personen har vore i utlandet, og er no i isolasjon.

Ein person i Stad som har vore i utlandet har fått stadfesta covid-19 smitte.  

Nyhende

Ifølgje Helse Førde sine oppdaterte tal var det ein person som testa positivt for covid-19 torsdag 17. desember. Helse Førde analyserte totalt 204 prøver. Den positive prøva er tatt i Stad. Dette er det første registrerte smittetilfelle i Stad sidan 1. desember.