Arthur Paulsen er godt i gang med byggjenummer 20+. verkstaden er frå 1995. Her har Arthur Paulsen alt han treng til båtbygginga. Hundre år gamle høvlar, dreiebenk og sager er framleis i bruk. Foto: Per Ole Lefdalsnes

Familie med uvanleg godt handlag

Arthur Paulsen (85) på Skårhaug bygde fyrste båten sin som sekstenåring. Sidan har det blitt eit tjuetal i alt. Faren, Emil Fossheim Paulsen, var ein framifrå treskjerar og møbelsnikkar, og farfaren, Sivert Paulsen, ein framifrå møbelsnikkar.