Sjå bilda frå kulturnatta i Stad kommune

Varierte aktivitetar på kulturnatt

Kulturnatta i Stad gjekk denne helga av stabelen med mange varierte aktivitetar.

KOSA SEG MED BADING: Bading i Eid symjehall brukar å vere populært, og under årets kulturnatt var det fleire familiar som tok turen.  Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Denne helga har det vore fleire kulturnatt-arrangement rundt om i Stad kommune. Fredag gjekk Stad kulturskule sin kulturnattkonsert og kunstutstilling av stabelen i Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid. Det var ein variert konsert der både dei yngste og dei eldste i kulturskulen fekk vise seg fram.