Jul i Kulturhuset Gamlebanken

Opna årets juleutstilling

Laurdag under kulturnatta i Stad kommune vart juleutstillinga i Kulturhuset Gamlebanken opna med julebrus, song og musikk.

KUNST OG MUSIKK: Det var både kunst på veggane og musikk i Kulturhuset Gamlebanken då årets juleutstilling vart opna laurdag under kulturnatta i Stad kommune.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

– Då er det jul, konstaterte Arve Espe då årets juleutstilling i Kulturhuset Gamlebanken opna laurdag. Kulturhuset Gamlebanken var pynta til jul for anledninga, og med song frå Tuva Nyhammer-Taklo akkompagnert av Michael Pavelich vart det ein kulturell start på opninga av juleutstillinga. I år er det kunstnaren Eva Harr som har juleutstillinga med namnet «Landskap i uroens tid» i Kulturhuset Gamlebanken.