Fekk 35 meldingar om festbråk

Vest politidistrikt hadde natt til laurdag ei roleg natt med seks meldingar om festtøy. Natt til søndag vart derimot lit meir travlare med 35 meldingar om festtøy og forstyrringar av nattero.

TRAVELT: Det har vore ei travel natt for Vest politidistrikt med heile 35 meldingar om festtøy og forstyrringar av nattero.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Laurdag kveld og natt til søndag 15. november har Vest politidistrikt fått inn heile 35 meldingar som går på feststøy og forstyrring av nattero.

– Dei aller fleste av desse var i Bergen kommune, men også nokre får andre stadar i Vest politidistrikt, seier Per Algrøy, operasjonsleiar, i ei pressemelding.

Vest politidistrikt hadde kapasitet til å rykke ut på 26 av 35 festar.

Politiet meldte 31 personar for brot på smittevernreglane. Desse var delt på to festar der den eine hadde 16 personar og den andre 15 personar. Festane var ved Fantoft og Sandviken i Bergen kommune.

– Dei aller fleste av dei meldte er gutar og jenter i 20- åra. Nokre i 30-åra, seier Algrøy i pressemeldinga.