Nordfjordeid skule

Laga stemning med dans

Elevar ved Nordfjordeid skule var rundt om å laga stemning på Nordfjordeid med BlimE-dansen.

GOD STEMNING: Elevar som går i andre trinn ved Nordfjordeid skule dansa BlimE-dansen utanfor Eid barnehage/Stad rådhus torsdag morgon.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Årets BlimE-dag og framføringsdag var torsdag 12. november. Trinna 1,2,4,5 og 6 på Nordfjordeid skule var difor rundt om til Læringsverkstedet Eid barnehage/Stad rådhus, Golvsengane barnehage, Nordfjordeid skule og Hogatunet/Gjerdane barnehage torsdag. Dei stilte opp på vegane og parkeringsplassen utanfor desse plassane for å danse BlimE-dansen.