Innlegg

Sal av helsesenter - korleis sikre vinn-vinn situasjon

Stad Senterparti ved gruppeleiar Paul Jacob Helgesen kjem her med ei ytring om sal av helsesenter i Selje.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Det er storslegne planar som er lagt fram for realisering av nytt hotell i Selje. Dette er særs positivt etter det store tapet ein opplevde då hotellet brann og tomheita som har vore sidan. Senterpartiet ynskjer å møte den store investeringsviljen på det som vert kalla «Noreg si finaste tomt». Vi ynskjer å realisere positive synergieffektar for innbyggjarane, kommunen og hotellet.

Stad kommunestyre skal no handsame to saker som heng tett saman: sal av helsesenteret og symjebasseng og fleirbrukshall i Selje. Senterpartiet meiner dette skal vere mogleg å få til, og at her er potensiale for vinn-vinn for alle partar.

Hotellplanane som er presenterte inneber at tomta helsesenteret ligg på inngår i planane. Stad kommune vil ha kostnadar i storleik 20-30 millionar med å flytte dagens helsetenester i følgje det som per no er utreia om dette i Stad kommune.

I forhold til sal av helsesenteret er Senterpartiet tydelege på at legesenter, helsestasjon og tannhelsetenesta skal ha ei kjent framtidig løysing, og innbyggjarane skal ha kontinuerleg tilgang på desse tenestene i Selje ved eit sal av helsesenteret.

Ein generasjon har vakse opp i Selje medan skulebassenget har stått tomt! For kvar dag som går vert det dyrare å sikre løysing som sikrar symjeopplæring til elevane. Senterpartiet er tydelege på at dette er prioritert.

Stad kommune seier i samfunnssplanen at «Stad er eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag». Dette vert nytta i bakgrunnen for saka der kommunedirektøren tilrår å fyrst prøve samarbeid med private aktørar for å sikre symjeundervising til elevane. Vi ynskjer å lukkast med ei løysing der vi om relativt kort tid har svømmebasseng i Selje med utsikt utover havet, og hotellet like ved. Vi ynskjer å lukkast med å dra ilag. Dette må skje på ein føreseieleg og kontrollert måte for alle partar. I saka med sal av helsesenteret vil Senterpartiet at Stad kommune gjer vedtak om sal så raskt som mogleg slik at det ikkje hindrar ei rask realisering av både basseng og hotell. Likevel må følgjande grunnlag vere på plass før kommunestyret kan gjere endeleg vedtak om sal av helsesenteret:

- Kommunen må ha klar plan for løysing for alle dagens helsetenester, og dei økonomiske konsekvensane. Desse tenestene er viktig for alle i ytre del av kommunen.

- Utover dokumentasjon på riktig pris må ei avtale om sal ha underliggande dokumentasjon på følgjande:

- Tydelige vilkår om bruk av tomta med klausul om tilbakeføring til kommunen dersom tomta ikkje vert nytta som hotell, eller arbeidet ikkje vert starta opp innan 1.12. 2021.

- Godkjent reguleringsplan for hotell før endeleg vedtak om sal.

- Inngått langsiktig avtale om leige av basseng mellom Stad kommune og Selje Hotell Invest AS som syner korleis Stad kommune gjennom salet vil ha føreseieleg inntekter på bassenget.

- Prisvilkår for bruk av tomt frå Selje Hotell Invest AS for realisering av kommunalt basseng må ligge føre før sal av Helsesenter.

Medan desse punkta kjem på plass må ei intensjonsavtale om sal av tomta på desse vilkåra, slik at Selje Hotell Invest kan fullføre reguleringsarbeidet med tryggheit om vedtak om sal dersom vilkåra vert oppfulgt. Dette vil sikre progresjon i arbeidet for både hotell og basseng.

Senterpartiet meiner dette vil vere føreseieleg for begge partar, og at det er naudsynt for Stad kommune å ha slik kontroll på prosessen som sikrar ein vinn – vinn situasjon for alle partar.