Utvidar kinotilbodet med internasjonal vri

Stad kino har fått midlar frå Norsk filminstitutt og startar no opp ein internasjonal kinoserie som etter planen skal gå langt ut i 2021.

NY KINOSERIE: Stad kino startar opp eit heilt nytt prosjekt med internasjonal kino med mål om å få ei større breidde på det som vert vist på lerretet. Ein gong i månaden vert det internasjonal vri, og det går frå Hollywood til Bollywood.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

I vår skulle Stad kino, som held til i Operahuset Nordfjord, starte opp prosjektet internasjonal kino, eit prosjekt dei har fått midlar for av Norsk filminstitutt. Så kom koronapandemien og det heile vart sett på vent. No er Stad kino klar til å starte opp med kinoserien, og onsdag 28. oktober vert første film vist.