Dahl inn i Folkehelseforum Vestland

Fylkesutvalet i Vestland har vedteke å opprette Folkehelseforum Vestland.

KRISTINE DAHL: Medlem i Folkehelseforum Vestland. 

Nyhende

Etableringa av folkehelseforum i fylket er tenkt å styrke samhandling og samordning mellom fylkeskommunen, kommunane og FoU-miljø og andre relevante aktørar. Regionråda er samarbeidspart frå kommunane. I møtet måndag peika Nordfjordrådet ut kommunalsjef i Stad kommune, Kristine Dahl som medlem i Folkehelseforum Vestland.

Forumet skal vareta heilskapen i folkehelsearbeidet. Ein ser føre seg at dette vil bli ein god møteplass for erfaringsutveksling, drøfting av strategiar og samarbeidstiltak. Forumet skal mellom anna bidra til tydlegare vegval og retning i folkehelsearbeidet i Vestland fylke.