Pasient var innom sjukehuset - har no testa positivt

Ein pasient som var innom Førde sentralsjukehus søndag, har måndag testa positivt på korona. No er arbeidet med smittesporing i full gang. Ni tilsette i Helse Førde er sett i karantene.

Ein pasient som var innom Førde sentralsjukehus har i dag måndag testa positivt på korona. No er ni tilsette sette i karantene.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Pasienten blei akutt dårleg på gjennomreise i Sogn og Fjordane. Vedkommande blei frakta med ambulanse til Førde sentralsjukehus. Her blei det raskt avgjort å sende pasienten til Haukeland universitetssjukehus. Ein koronatest teken i dag måndag, viste seg å vere positiv.

- Vedkommande blei kartlagt for covid-19 på sjukehuset i Førde, men sidan det ikkje var symptom eller mistanke om smitte blei det ikkje teke test, seier fagdirektør i Helse Førde, Evy-Helen Helleseth i ei pressemelding.

I alt ni tilsette i Helse Førde er sette i karantene. Dette er ambulansepersonell som køyrde personen til og frå Førde, samt helsepersonell som var i kontakt med pasienten i mottaket ved sentralsjukehuset.

Arbeidet med smittesporing held fram utover kvelden. Pasientens heimkommune er varsla.

- Vi samarbeider med Helse Bergen i det vidare smittesporingsarbeidet, seier Helleseth.