Ein ny person er smitta

Ifølgje Helse Førde har ein person testa positivt for covid-19 i Sogn og Fjordane.

SMITTA: Onsdag vart det analysert 384 prøver i Helse Førde, og ein av desse skal vere positive. 

Nyhende

Ifølgje tala til Helse Førde har ein person testa positivt for covid-19 i området. Onsdag vart det analysert totalt 384 prøver, og ein av desse skal altså vere positive.

Det er no åtte stadfesta smitta i Helse Førde sidan onsdag 9. september og fram til onsdag 16. september. Det er berre laurdag, søndag og tysdag at prøvene har vore negative denne veka.

Ifølgje Helse Førde er ingen pasientar innlagt på sjukehusa i Helse Førde med stadfesta covid-19 smitte.