Valde styre i Stad Eigedomsutvikling KF

Kommunestyret i Stad valde sist torsdag styre i Stad Eigedomsutvikling.

Ove Bjørlo (t.v.) vart vald som styreleiar i Stad Eigedomsutvikling KF og Gunvald Ludvigsen vart vald som styremedlem.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

Kommunestyret i Stad valde sist torsdag, styre i Stad Eigedomsutvikling KF, tidlegare Eid Industrihus KF. Ove Bjørlo vart vald som leiar, med Therese Lien Smenes (Ap) som personleg vara. Tore Hjelle blir nestleiar, med Solveig Midtbø (H), som personleg vara. Dei andre i styret blir Margot Aasebø (V), vara Gunvald Ludvigsen, Gunn Sande (Sp), med vara Kjell Magne Åshamar (Sp) og Petter Bakke (KrF), med Per Tore Borgund som personleg vararepresentant.