Fekk 8000 i gebyr

Statens vegvesen kontrollerte 27 tungbilar og ein lettbil på Kjøs.

KONTROLL: Under kontrollen på Kjøs var det ein bileigar som fekk eit gebyr på 8000 kroner.   Foto: Arkiv

Nyhende

Statens vegvesen hadde måndag ein kontroll på Kjøs der både tungbilar og lettbilar vart kontrollert. Totalt 118 tungbilar var innom kontrollplassen, medan 27 vart kontrollert. I tillegg vart ein lettbil kontrollert.

Ifølgje Statens vegvesen fekk ein bileigar 8000 kroner i gebyr for å ikkje ha bombrikke. I tillegg hadde bileigaren ikkje lys bak på lastebilen og mangla underkøyringshinder og kjennemerke bak. Bileigaren hadde også ein fartsskrivar som ikkje fungerte og må ordne dette før vidare køyring.