Dette er dei største trendane i haust

Butikkane på Nordfjordeid er samde, i haust er vesten tilbake i motebilde og er blant dei største trendane.

HAUSTMOTE: Skinn, armdetaljar og rutete og stor jakkeskjorte er blant dei største trendane i haust, ifølgje Lene Marie Midthjell på Walk In. Den aller største trenden i haust er truleg vesten.   Foto: OLIN MARIA YRI

Nyhende

Hausten er her, og den siste tida har haustkleda for alvor strøymt til butikkane på Nordfjordeid. Grunna koronapandemien, er det litt forsinking i år, så fleire butikkar ventar enno på nokre av varene. Likevel er trenden klar, i haust er det store skjorter, vest og armdetaljar på genserar som er blant det store.