Sofia frå Gloppen

Aktuell med ny låt

Fredag 11. September kom Sofia med låten «Where to Go», som er hennar femte singel så langt i karrieren. Låten vart tatt rett inn på Spotify si liste «New Music Friday».

NY MUSIKK: Sofia frå Sandane kom fredag med låten «Where to Go», som er den femte singelen så langt.   Foto: presse

Nyhende

Fredag slapp Sofia Hyttedalen (19 år), med artistnamnet Sofia, sin nye låt «Where to Go». Ein fengande låt som skil seg litt ut i popsjangeren. Låten tar for seg spørsmål og forvirringar i livet.