Helle Frogner:

– Vi må snakke skikkeleg til kvarandre

– Først og fremst må vi respektere at alle ikkje har same syn eller ståstad. For det andre må vi snakke til kvarandre og ikkje om kvarandre på ein skikkeleg måte.

Respekt: – Ordbruken og dei harde frontane, der ulike grupper står mot kvarandre, er urovekkande. Når det kjem til stykket så trur eg at dei aller fleste har auge for kor viktig vern av den flotte og unike naturen vi har på Stadlandet er. Men folk har ulike meiningar om korleis vindkraftverket vil påverke natur og landskap. Akkurat det må vi ha respekt for, seier Helle Frogner. Foto: Privat 

Eg forstår at Okla-saka er ekstremt kjensleladd og at folk har det vondt

Nyhende

Ingen skal vere i tvil om min ståstad i «Okla-saka», eg vil ikkje ha vindkraft på Stadlandet, seier venstrepolitikar Helle Thomassen Frogner, formannskapsmedlem og kommunestyrerepresentant i Stad kommune for Venstre.