Les Monika si historie:

- Eg er litt som Pippi Langstrømpe som seier «dette fiksar eg»

– Eg trur eg lever til eg blir gamal, seier Monika Kvamme (49) på Nordfjordeid.

Monika Kvamme fekk konstatert svulst på hjerna. - Eg er litt som Pippi Langstrømpe som seier "dette fiksar seg", seier ho.  Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Brått fekk ho vite at ho hadde kreft i hovudet. Midt i februar i år starta det. Rett etter ei tid med dobbel jobbing og elles god arbeidande tid. Så inderleg kjekt i barnehagen jobba ho som vikar – og same dag seint på Bunnpris. Så kom brått ein underleg og skremmande hending i hovud og kropp medan ho var på kveldsvakt.