Covid - 19 Informasjon til barnehagar og skular i Stad kommune

Ikkje mistanke om smitte inn mot skular og barnehagar

Kommunesjef Harald Sivertsen og kommuneoverlege/smittevernlege Thomas Vingen Vedeld har laga eit informasjonsskriv som no går ut til alle barnehagane og skulane i Stad kommune.

Med det vi veit no, er det ikkje mistanke om smitte inn mot barnehagar eller skular i Stad kommune, seier kommuesjef for oppvekst og opplæring, Harald Sivertsen som saman med kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld har utarbeidd informasjonsskriv til alle skulane og barnehagane i kommunen.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

─ Med det vi veit no, er det ikkje mistanke om smitte inn mot barnehagar eller skular i Stad kommune, og vi er framleis på gult nivå. Det vil seie at barnehagebarn og elevar i grunnskulen skal gå i barnehagen og på skulen som normalt. Opningstida i barnehagane er 07.20 – 16.30. Grunnskulen følgjer vanleg skuletid, seier Harald Sivertsen, kommunesjef for oppvekst og opplæring i Stad kommune, i ein epost til Fjordabladet..

─ Borna og elevane skal opphalde seg i sine grupper/klassar og ein har eit stort fokus på handhygiene, avstand og forsterka reinhald. Vi minner om gjeldande retningslinjer for koronatesting av barn og kva tid barn må haldast heime frå skule/barnehage:

Barn med luftvegsinfeksjonar:

· Dersom eit barn får nyoppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, skal barnet haldast heime.

· Ved feber og hoste bør barnet testast for covid-19.

· Ved milde symptom utan feber og hoste, kan ein sjå an tilstanden heime i to dagar.

o Ved manglande betring, bør barnet testast.

o Ved rask betring, kan barnet gå tilbake i skule/barnehage utan test.

Når kan barn i barneskulealder og yngre komme tilbake i barnehage/skule?:

· Barn som er symptomfrie, kan komme tilbake i barnehage/skule.

· Barn som har god allmenntilstand etter gjennomgått luftvegsinfeksjon, kan komme tilbake i barnehage/skule.

o Dette betyr at allmenntilstanden avgjer når barnet kan komme tilbake i barnehage/skule.

o Dette gjeld sjølv om barnet framleis har litt restsymptom som rennande nase (uansett farge på snørret), eller hostar ein gong iblant.

o Slike symptom er vanlege i tida etter ein luftvegsinfeksjon hos barn i denne aldersgruppa.

o Så lenge symptoma kan knytast til ein gjennomgått infeksjon og ikkje er nyoppståtte eller aukande, kan barnet komme tilbake i barnehage/skule når allmenntilstanden er tilbake til normalen for barnet.

─ Skulle situasjonen endre seg, vil vi fortløpande kome ut med ny informasjon, seier Harald Sivertsen i ein epost.