Eid gutar 13/14:

Gutane knekte koden

Etter ein middelmåtig 1. omgang, slo Eid sitt gutelag i niarfotball i klassen 13–14 år nådelaust tilbake i dei siste 35 minuttane mot Svelgen.

Eigde kampen: Etter nokre justeringar på laget etter den første omgangen mot Svelgen hadde Eid sine gutar fullstendig kontroll. dei siste 35 minuttane var rett og slett imponerande gode. Svelgen var heldige som slapp med fem baklengs.   Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

– Eg er ikkje heilt fornøgd med det vi presterte dei første 35 minuttane i denne kampen, men etter at vi gjorde nokre endringar på laget i pausen, samt at vi fekk roa litt ned vart det straks meir system over det vi gjorde, sa Henrik Vingen Vedeld etter at Eid hadde vunne kampen 5–1. Henrik vart langt på veg dagens mann i oppgjeret, med tre mål ei målgjevande pasning.