– Det hastar med å redde Kyrkjefjøra

Arild Brobakke meiner at det hastar dersom ein skal redde den vakre Kyrkjefjøra i Selje.

Ønskjer skilting: Arild Brobakke vonar at Stad kommune kan sørge for at det kjem opp skilt som tydeleggjer at det ikkje er lov å fjerne stein frå Kyrkjefjøra i Selje. Det bør då gå fram at det verken er lov til å ta med seg stein eller kaste steinen bort frå fjøra. Foto: Privat 

Nyhende

Brobakke er misnøgd med at kommunen ikkje vil setje opp skilt som seier at det var ulovleg å fjerne stein frå fjøra, eller på annan måte sikre at kulturuttrykket i fjøra blir ivareteke. Tilbakemeldingar dei har fått er at folk må få lov å bruke fjøra, og at stein som blir kasta ut i sjøen kjem tilbake.