Teikn frå ei tid, då tankar om liv og død blei rissa i stein

Smykke etter inspirasjon frå Vingen

– TEIKN er rotekte norsk design, inspirert av steinalderkunst, natur og kultur. Med våre design og produkt vil vi hylle livet og den unike bergkunsten frå Vingenfeltet i Bremanger.

Fjord og fjell: Frå opphavsstaden til Happi-smykka, mellom fjord og fjell i Vingen i Nordfjord.   Foto: Steinar Engeland

Nyhende

Det seier Steinar Engeland som i desse dagar lanserer ein smykkekolleksjon der inspirasjonen er henta frå den originale bergkunsten.