Bil har køyrt i fjellveggen

Det har skjedd ei trafikkulukke på riksveg 15 ved Nordfjordvegen i Stryn.

Politiet har fått ei melding om at ein bil skal ha køyrt i fjellveggen i Geisholtane i Stryn fredag.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Ifølgje politiet fekk dei klokka 12:07 ei melding om ei trafikkulukke. Trafikkulukka skal ha skjedd på riksveg 15 ved Geisholtane i Stryn. Det skal vere ein personbil som har køyrt i fjellveggen. Det skal vere to personar i bilen. Ifølgje politiet er begge personane bevisst, og ingen skal vere fastklemt.

Politi og ambulanse er på staden.

Det skal ikkje vere trafikale problem på staden, og bilbergar er framme.