Slik vert vêret:

Grått vêr og temperaturar under 15 grader

Det er venta regnbyer over store deler av landet dei komande dagane, også rundt om i Stad kommune.

IKKJE SOMMARTEMPERATURAR: Det er venta låge temperaturar og nedbør den komande tida grunna fleire lågtrykk rundt om i landet.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Ifølgje Yr vert det både kaldt og vått dei komande dagane. Torsdag ligg det an til å bli rundt elleve grader og nedbør, medan temperaturane skal stige til rundt 13 grader i helga. Det er derimot venta nedbør både laurdag og søndag.

Mykje regn

Ifølgje meteorologane på Twitter er det fleire lågtrykk rundt om i landet dei komande dagane, noko som gjev skiftande vêr.

Dei melde også at trass i at vi berre er ei veke inn i juli, så har det kome like mykje regn denne veka som det er vanleg i heile månaden. Dette gjeld for nokre stadar på Austlandet.

Kan bli betre neste veke

Ifølgje Yr ligg det an til at temperaturane kan auke litt frå måndag av. Då ligg det an til at temperaturane aukar frå 13 til 15 grader, medan det kan auke på til både 17 og 18 grader utover veka. Dette er framleis usikkert. Frå onsdag av, neste veke, ligg det også an til at vêret vert noko betre med både skya vêr og delvis skya vêr.