To lastebilsjåførar vart melde

Under kontrollen på kjøs tysdag vart to lastebilsjåførar melde og fleire fekk også bruksforbod.

KONTROLL: Det var storkontroll på Kjøs tysdag då 182 tungbilar var inne på kontrollplassen. 

Nyhende

Tysdag hadde Statens vegvesen kontroll av lettbilar og tungbilar på Kjøs. Det var totalt 182 tungbilar inne på kontrollplassen, medan 51 vart kontrollert. I tillegg vart tre lettbilar kontrollert.

Ifølgje Statens vegvesen vart to lastebilsjåførar melde til politiet for å ikkje ha stoppa for kontroll. Begge sjåførane får bot.

Ein sjåfør måtte sette av lasta ettersom han ikkje hadde løyve for å drive med transport.

I tillegg mangla ein sjåfør naudsynt underkøyringshinder bak på lastebilen. Sjåføren fekk mangellapp, og må på etterkontroll med bilen.

Ein sjåfør måtte også fjerne gjenstandar i siktsona før vidare køyring. Det vart også ein mangellapp til ein sjåfør grunna tekniske manglar på køyretøyet. Køyretøyet må på etterkontroll.

Ein sjåfør måtte kople frå semitraileren slik at svingskiva på bilen vart smurt. Koplinga var knusktørr, noko som vil påverke styringa av vogntoget.