Hadde overlast på 1200 kilo

Fleire fekk gebyr og bruksforbod då Statens vegvesen hadde kontroll på Nordfjordeid måndag.

PÅ PLASS: Statens vegvesen kontrollerte tungbilar og lettbilar på Nordfjordeid.   Foto: Arkiv

Nyhende

Statens vegvesen hadde måndag kontroll på Nordfjordeid. Både lettbil og tungbil vart kontrollert. Totalt 39 tungbilar var på kontrollplassen, medan ti vart kontrollert. I tillegg vart to lettbilar kontrollert måndag.

Ifølgje Statens vegvesen hadde eit vogntog overlast med 1200 kilo på tilhengaren. Sjåføren måtte laste av og transportøren fekk eit gebyr på totalt 2900 kroner. I tillegg var ein varebil 300 kilo for tung, og måtte difor laste av før vidare køyring.

Ein sjåfør måtte også rydde i siktsona før vidare køyring.