Nye koronatiltak på riksvegane i vest

430 nye koronamillionar til utbetringar på riksvegane sikrar aktivitet i anleggsbransjen utover hausten.

UTBETRINGAR: Meir pengar er sett av som sikrar aktivitet i anleggsbransjen i haust.   Foto: Pressefoto

Nyhende

Slik skal korona-millionane brukast i vest:

• Dekkelegging for 22 millionar kr i heile regionen.

• Montering av skrednett ved E16 Kluftafjelltunnelen.

• Oppgradering av samband i tunnelar på rv. 13 Suldal.

• Snunisje brøytebil Strynefjellet og Fjærlandstunnelen.

• Skredsikring E39.

• Fornye fendring ved E39 Oppedal ferjekai.

• Gang- og sykkeltiltak E134 Ølen.

• Rv. 5 Fodnestunnelen, rensk og bolting.

• Rekkverk gang- og sykkelveg.

• Diverse tiltak for sykkel, rekkverk og elektroarbeid.

• Utbetring veglys E39 Tasta.

• Vifter i rv. 15 Ospelidtunnelen.

– Anleggsbransjen har uttrykt bekymring for tilgangen på arbeid i haust, og i Statens vegvesen sitt forslag til prioritering av nye middel har vi lagt vekt på tiltak som vil gi sysselsetting utover hausten, seier direktør Bjørn Laksforsmo i Statens vegvesen Drift og vedlikehald. Tiltakene er fordelt på riksvegar over heile landet, og de første kan setjast i gang like etter fellesferien. Tiltaka skal fjerne flaskehalsar på vegnettet og gi betre trafikksikkerheit.