Freidig 4H har gått på kurs for å bli trygg i kajakk

Gler seg til sommar på sjøen

Freidig 4H på Stårheim vil ut på sjøen for å padle i sommar. Nyleg har 36 medlemmer og foreldre vore med på padlekurs med kajakk.

POPULÆR AKTIVITET: Å padle med kajakk er blitt ein populær aktivitet hjå stadig fleire. No har også Freidig 4H på Stårheim kasta seg ut i denne nye måten å oppleve naturen på. Onsdag i førre veke gjekk heile 36 medlemmer og foreldre på kurs i småbåthamna med Åse Huse som instruktør. Dei lærte grunnleggande ferdigheiter som kjem gått med når klubben no skal kjøpe inn kajakkar. I småbåthamna frå venstre: Anette Nedreberg, Harald Kristian Holmøyvik Starheim, Hedda Holmøyvik Starheim, Simon Starheimsvik, instruktør Åse Huse, Sunniva Starheimsvik, Steinar Hunvik og Emilie Starheimsvik.   Foto: inger træen

Nyhende

Freidig 4H på Stårheim har bygt sin eigen draumeplass nær sjøen på Ålund, like vest for Stårheim sentrum. No vil dei også ut på sjøen, i kajakk for å padle. 4H-klubben på Stårheim skal kjøpe inn kajakkar til utlån frå denne draumeplassen. Til det har dei fått pengar frå mellom anna Sparebanken Vest.