850 år sidan St. Sunniva vart frakta frå Selje til Bergen

Skal attskape turen under festival

Når Sunnivafestivalen går av stabelen i Selje og Bergen vert det både strandrydding, fokus på berekraft og ein vekelang rotur til Bergen.

SUNNIVAFESTIVALEN: I slutten av august vert det arrangert Sunnivafestivalen i Selje og Bergen.   Foto: Stad kommune

Ein skal attskape reisa frå Selje til Bergen.

Nyhende

I år er det 850 år sidan irsk-fødde St. Sunniva skal ha blitt frakta frå Selje til Bergen, og dette vert markert med festival til hausten. Det heile startar i Selje helga 28.–29. august, men sjølve hovudmarkeringa vert i Bergen 4.–7. september.