– Bestanden bør reduserast, ja, kanskje halverast

Behov for å redusere hjortestammen

– Auken er ganske heftig. Det blir kjempespennande å sjå om dei klarar å ta ut så mykje hjort. Det seier utmarksforvaltar for Stad og Gloppen, Lindis B. Østgård.

HJORTEFORVALTNING: Det vert laga bestandsplanar som legg opp til ei forvaltning av hjortestammen, slik at talet på dyr blir halde på eit visst nivå.   Foto: Lindis B. Østgård

Nyhende

Østgård er positiv til at Heggjabygda og Leivdalen hjortevald og Sagtennene hjortevald får auka tal hjorteløyve, og ho er spent på om dei klarer å redusere hjortestammen så mykje som dei ønskjer.