Midtsommarstemne på Tua:

Sju skyttarar skaut 350 poeng

Det var mange gode resultat då Eidsbygda skyttarlag arrangerte ope stemne på Tua i helga.

OPE STEMNE: Eidsbygda arrangerte ope stemne torsdag til søndag, der totalt 89 skyttarar deltok. Roger Nesheim kom på andreplass i klasse 3–5 med 344 poeng.   Foto: Magne Nesheim (ARKIV)

Nyhende

Eidsbygda skyttarlag arrangerte midtsommarstemne på Tua frå torsdag til søndag. Under banestemne, deltok totalt 89 skyttarar. Det er melde om fine skyteforhold under stemnet og gode resultat. På hundremeter var det totalt sju skyttarar som skaut 350 poeng. Av dei lokale skyttarane var det fleire som gjorde det godt. Roger Nesheim (Eidsbygda) skaut 344 poeng og tok andreplassen i klasse 3–5. Leiv Reksten (Nordbygda og Rand) gjorde det best av dei lokale i veteran 55. Magne Skårbø (Stadlandet) var blant dei som skaut 350 poeng og tok 1.-plassen i klassa veteran 65.