Dette har skjedd i helga:

Råning, slåstkamp og utfordringar med smittevernreglar på utestad

Denne helga har det vore råning, høg musikk, slåstkamp, redningsaksjon og personar som ikkje held smittevernreglane.

Det har vore ei travel helg for politiet med redningskasjon, råning og høg musikk, slåstkamp og folk som ikkje held smittevernreglar på utestadar.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Ifølgje innsatsleiar Roger Gundersen har det i indre delar av Nordfjord kome inn meldingar på råning og høg musikk i sentrum denne helga.

I Måløy var det ein start på ein slåstkamp, men politiet fekk avslutta det før det fekk utvikla seg, ifølgje Gundersen.

Oppmodar om å følgje reglane

Ifølgje innsatsleiar Gundersen har det også vore ein del utfordringar knytt til alkohol og smittevernreglar denne helga.

– Ein må følgje smittevernreglar når ein er ute å drikk. Det vi ser er at fleire ikkje held avstand, folk står tett i tett og folk klemmar på kvarandre. Vi såg det på ein utestad der det var 20–30 personar som stod i kø på fem meter avstand. Folk er sikkert lei, men ein treng ikkje vere ufornuftig. Vi og vaktene gjer vårt beste, men folk må bruke sunn fornuft.

– Det var også mange som skulle kome bort å ta oss i hendene og vere veldig nær oss. 90 prosent av dei som tok kontakt med oss skulle ta oss i hendene. Det har eg aldri sett før. Eg må berre oppmode om at vi framleis står midt i dette. No er nok ikkje tida for å sleppe opp. Det vert spennande å sjå om dette gjer utslag. Folk er tett i tett og om det er nokre som er smitta så vil smittetalet auke. Det kan vere at alle som er ute er friske, men det er viktig at dei som ikkje er heilt friske held seg heime, seier han til Fjordabladet.

Redningsaksjon

Som Fjordabladet skreiv laurdag kveld, var det også ein redningsaksjon i fjellet ved Via Ferrata Loen. Politiet fekk meldinga om dette laurdag klokka 18:17.


Redningsaksjon ved Via Ferrata Loen

Ifølgje politiet er det igangsett ein redningsaksjon ved Via Ferrata Loen.


– Det var tre personar frå utlandet som gjekk Via Ferrata på eiga hand, utan guide. Dei hadde sette seg fast i ei fjellhylle, og torde ikkje klatre ned sjølv. Det var ei redningsgruppe som var og hjelpte dei ned att. Dei var ikkje skadd, og det vert ikkje følgt opp frå vår side, fortel innsatsleiaren.