Nytt tilfelle av hærverk – dette er ikkje ønska aktivitet

Natt til måndag vart det gjort hærverk i Maurstadparken på Nordfjordeid. I tillegg vart ei blomsterpotte skubba og knust ved Eid Elektro.

HÆRVERK: EI blomsterpotte utanfor hovudinngangen hos Eid Elektro har blitt skubba utfor kanten og knust. Dette er eit av fleire tilfelle av hærverk i sentrum den siste tida.   Foto: privat

Nyhende

Den siste tida har det vore fleire hærverk rundt om på Nordfjordeid, der søppeldunkar er påtende og søppeldunkar som er plassert i fontena i Kyrkjeparken. Måndag skreiv også Fjordabladet om at robotgrasklipparen i Maurstadparken på Nordfjordeid er blitt øydelagt i løpet av natt til måndag.