Giftig liljekonvall kan forvekslast med ramsløk

(NPK): Både Sørlandet sjukehus og Giftinformasjonen åtvarar om at den giftige liljekonvallen kan forvekslast med ramsløk.

PASS PÅ: Den vakre liljekonvallen blomstrar i mai og juni. No åtvarar Giftinformasjonen og Sørlandet sjukehus om at planten er giftig.   Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Nyhende

På Sørlandet sjukehus har dei fått inn fleire barn som har ete liljekonvall enn vanleg, og no vil legane åtvare foreldre om at planten lett kan forvekslast med ramsløk, skriv NRK.

Liljekonvall inneheld giftige stoff og kan gi store biverknader.

– Om ein et fem bær, nokre blomstrar eller tygg på blada, kan ein få i seg nok gift til at ein får symptom, seier barnelege ved Sørlandet sjukehus Viggo Lutcherath, til NRK.

Vondt i magen, oppkast, diaré og hjerterytmeforstyrringar er blant symptoma.

Giftinformasjonen har òg hatt ein auke i folk som har tatt kontakt med spørsmål om liljekonvall. Avdelingsdirektør Mari Tosterud fortel at liljekonvall og ramsløk er veldig like før dei blomstrar, og oppmodar dei som sankar løk om å sjekke ein og ein plante når dei kjem heim.

Eitt tips frå barnelegen, er at om ein gnir på blada til ein ramsløk, vil det lukte løk av fingrane. Det gjer det ikkje om du gnir på ein liljekonvall.