Tre køyrde for fort i 60-sona

Under trafikkontrollen onsdag på Haugen var det tre sjåførar som køyrde for fort i 60-sona.

KONTROLL: UP hadde kontroll i 60-sona på Haugen onsdag.  Foto: Arkiv

Nyhende

Onsdag hadde UP trafikkontroll i 60 sona ved riksveg 15 på Haugen. Tre sjåførar fekk forenkla førelegg, der høgste fart i 60-sona var 70 km/t.

I tillegg fekk fire sjåførar forenkla førelegg grunna bruk av mobil, medan ein sjåfør fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte.