Kontroll på Nordfjordeid:

Hadde overlast på 1300 kilo

Tysdag hadde Statens vegvesen kontroll på Nordfjordeid trafikkstasjon.

KONTROLL: Statens vegvesen kontrollerte tunge og lette køyretøy på Nordfjordeid tysdag.   Foto: Arkiv

Nyhende

Under kontrollen på Nordfjordeid trafikkstasjon vart både lettbilar og tungbilar kontrollert. Totalt 31 tungbilar var inne på kontrollplassen, medan 11 vart kontrollert. I tillegg vart fem lette køyretøy kontrollert.

Ifølgje Statens vegvesen hadde ein sjåfør overlasta bilen med 1300 kilo, og bileigar må betale 3800 kroner i gebyr. Sjåføren måtte laste av til lovleg vekt for vidare køyring.

Det vart også ein mangellapp på ein tilhengar der boltane i svingkransen var lause.

Alle køyretøya som vart kontrollert vart kontrollert for vekt, men det var ikkje fleire avdekka brot.