‒ Fisken er ikkje giftig

Mattilsynet seier at det ikkje er farleg å ete den rømde, karantenebelagde oppdrettsfisken i Nordfjorden..

HUNDVIKA AUST: Nordfjord Forsøksstasjon AS har nyleg etablert seg på ny lokalitet aust for Hundvika i Stad/tidlegare Eid.  Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Fjordabladet har spurt Mattilsynet om det er farleg å ete den rømde oppdrettslaksen frå lakseoppdrettsanlegget til Nordfjord Forsøksstasjon i Hundvika. Fisken er nyleg behandla med avlusingsmiddelet SLICE, og det var måndag, då dette vart kjent, ei veke igjen av tilbakebehandlingstida/karantenetida.

Svaret vi får frå Synnøve Hodneland, veterinær fagrådgiver fiskehelse og – velferd Mattilsynet, Region Sør og Vest er at det ikkje er farleg å ete denne rømde oppdrettslaksen.

‒ Karantenetida er sett med god margin.

‒ Fisken er ikkje giftig, seier Hodneland.

Fjordabladet beklagar at vi brukte overskrifta «Giftig oppdrettslaks på rømmen» i tysdagsavisa. I nettavisa har vi no bytta ut ordet giftig med karantenebelagt.



Fakta om SLICE (emamektin benzoat)

Blant avermektinene er benzoatsaltet av emamektin gitt godkjenningsfritak til bruk mot lakselus i Norge. Emamektin benyttes innblandet i fôr. I Norge omsettes medisinert fôr berre gjennom fôrprodusenter med tilvirkertillatelse fra Statens Legemiddelverk. Middelet har god effekt mot alle utviklingsstadier av lus på laks og ørret.

Etter opptak i fisken vil emamektin benzoat bli transportert til hud og muskel hos behandla fisk. Når lus beiter på fisken (også slim) vil den få i seg stoffet. Lus er veldig følsom for emamektin benzoat, og sjølv svært låge konsentrasjoner vil ta livet av den. Det aktive stoffet vert skilt ut med galle, men blir reabsorbert frå tarmen i eit enterohepatisk kretslaup. På grunn av dette er stoffet lenge i fisken. På denne måten blir behandla fisk beskytta mot reinfeksjon av lus i ein lengre periode.

I omtale av avermektiner i dokument frå Statens legemiddelverk, anbefalt terapibehandling, kan vi lese om miljøeffekter ved bruk av ulike lakselusmiddel: «Emamektin brytes langsomt ned og vil finnes i miljøet (vann, sediment og organismer) i lang tid. Stoffet er lite artsspesifikk og de fleste andre dyregrupper kan bli påvirket. De anbefalte dosene er små, slik at de tilførte mengdene til miljøet blir mindre, sammenlignet med andre formidler.»

«Emamektin har potensiale til å bioakkumulere. For å redusere risikoen for akkumulering i sedimentene bør det settes en grense ved maksimalt én behandling per anlegg per år.»