Karantenebelagt oppdrettslaks på rømmen i Nordfjord

Stig Bakke er dagleg leiar for Nordfjord Forsøksstasjon som har anlegg i Hundvika.  Foto: Anna Wuttudal

Lakseoppdrettsanlegg i Hundvika   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Dagleg leiar Stig Bakke i Nordfjord forsøksstasjon AS opplyser at ein del laks som fekk behandling med lusemiddel for ei veke sidan har rømt frå oppdrettsanlegget deira i Hundvika. Det som skjedde var ifølgje Bakke at dei fekk ein pigghå inn i nota som laga eit hol, og ein del fisk, kanskje 500, har rømt.

Laksen i nota er på om lag 1,5 kilo og skulle etter planen slaktast til hausten. Fiskane vart behandla med avlusingsmiddelet Slice. Behandlinga vart avslutta for ei veke sidan. Tilbakehaldingsfristen er 96 døgngradar og med sju gradar i sjøen tilsvara det om lag 14 dagar. Dette inneber at om nokon fiskar rømt laks no den komande veka, så bør den ikkje etast. Bakke oppmodar fiskarar som får slik fangst om å levere fisken til dei, så dei kan ta hand om den.


‒ Fisken er ikkje giftig

Mattilsynet seier at det ikkje er farleg å ete den rømde, karantenebelagde oppdrettsfisken i Nordfjorden..