Fleire måtte til verkstad

Under kontrollen som Statens vegvesen hadde torsdag, vart totalt 16 køyretøy kontrollert.

KONTROLL: Fleire av køyretøya som vart kontrollert av Statens vegvesen hadde manglar og fekk køyreforbod torsdag.   Foto: ARKIV

Nyhende

Torsdag morgon og ettermiddag hadde Statens vegvesen kontroll på Nordfjordeid og Kjøs. Totalt 87 køyretøy var inne på kontrollplassen, medan 16 køyretøy vart kontrollert.

Ifølgje Statens vegvesen måtte eit vogntog til verkstad ettersom det eine framhjulet på tilhengaren var punktert. I tillegg måtte tre sjåførar fjerne gjenstandar i siktsona på lastebilen før vidare køyring.

Eit vogntog fekk køyreforbod ettersom det ikkje var merka i samsvar med krav i forskrifta. Vogntoget hadde ei breidde på 3,35 meter og skal merkast. Dette måtte betrast før vidare køyring.

Ein lastebil fekk mangel grunna luftlekkasje, og måtte til verkstad. I tillegg fekk ein lastebil mangel grunna avstanden til underkøyringshinderet var for stor.