Spelte inn storfilm på Stadlandet

Nyinnspelinga av filmen «Dune» har funne stad på Stadlandet. Filmen har fleire kjende skodespelarar. – Dette er veldig morosamt, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Stad kommune.

STORFILM: Ifølgje Alfred Bjørlo, ordførar i Stad kommune, vart nyinnspelinga av filmen Dune spelt inn mellom Drage og Hoddevik i 2019.   Foto: TORMOD FLATEBØ/ARKIV

Nyhende

Måndag kom det fram at nyinnspelinga av sci-fi filmen «Dune», har funne stad mellom anna på Stadlandet. Filmen vart laga av David Lynch i 1984 og no vert den altså laga på ny og har premiere i løpet av 2020. I nyinnspelinga har Timothée Chalamet, Zendaya, Stellan Skarsgård, Rebecca Ferguson og Javier Bardem roller.

Det var Vanity Fair som presenterte det første bildet frå filmen, som viser Paul Atreides, spelt av amerikanske Timothée Chalamet, på hans planet Caladan. Timothée Chalamet har også sjølv publisert bildet på sin Instagram konto.

Se dette innlegget på Instagram

DUNE

Et innlegg delt av Timothée Chalamet (@tchalamet)

Mellom Drage og Hoddevik

– Eg har visst om det. Eg har visst at filmteamet har vore på Stadlandet i 2019, og kva film det var. Eg har ikkje visst om detaljar ut over det, seier ordførar i Stad kommune Alfred Bjørlo, som stadfestar at bildet på Vanity Fair er tatt på stranda ved garden Austmyr på Stadlandet, mellom Drage og Hoddevik.

– Dette er veldig morosamt, for dette kan bli den store Blockbuster filmen i år. Dette kan verkeleg sette oss på kartet, legg han til.

Jobba strategisk

Bjørlo fortel at det vert jobba strategisk på Vestlandet for å fronte Vestlandet internasjonalt, både med tanke på PR og for å få fleire filminnspelingar til regionen.

– Det er ein heilt spektakulær natur på Stadlandet, og ekstremt eksotisk som også er lett tilgjengeleg med tanke på flyplass i nærleiken. Eg tenkjer at det er attraktivt for turistar men også dei som skal spele inn film, seier han.