Røde Kors deler ut 4000 aktivitetspakkar i påska

Lokallaga til Røde Kors skal i påska dele ut 4000 aktivitetspakkar til barn og unge over heile landet.

PAKKE I PÅSKA: Lokallaga til Røde Kors deler ut påskepakkar til barn og unge som skulle vere med på dei planlagde aktivitetane som no går ut. Bildet er frå Barnas Turlag. Frå venstre: Sindre Larsen, Annie Hellebust og Thomas Brekke.   Foto: Tormod Flatebø/arkiv

Nyhende

I år vert det ei annleis påske, og fleire vert påverka av dette. No har Røde Kors bestemt at organisasjonen sine påskeaktivitetar for barn og familiar med låg inntekt går ut, som blant anna dei elleve påskeferieopphalda som var planlagt rundt om i landet. I staden vert det delt ut aktivitetspakkar rundt om i heile landet til barn og unge som skulle vere med på aktivitetane denne påska.

– Sidan vi ikkje kan vere saman i år, får våre deltakarar ei hyggeleg overrasking med blant anna aktivitetshefte, påskegodt, spel og meir. I år går diverre dei fleste av Røde Kors sine påskeaktivitetar for barn og familiar med låginntekt ut. Difor er Røde Kors glad for at vi kan tilby deltakarane eit lite plaster på såret, seier Elisabeth Dahl Hansen, seniorrådgivar i Røde Kors, i ei pressemelding.

I 2019 publiserte SSB statistikk over barn under 18 år som bur i heimar med låg inntekt. Då kom det fram at det er over 106.000 barn som gjer det, og kvart år ser det ut til at desse tala aukar. Røde Kors har difor fleire aktivitetar som er knytt direkte og indirekte mot barn og familiar som har lite pengar.