Fleire fekk bruksforbod

Statens vegvesen har dei siste dagane hatt kontrollar både på Nordfjordeid og Kjøs.

KONTROLL: Sjåførane som vart kontrollert tysdag på Nordfjordeid får skryt av Statens vegvesen.   Foto: Arkiv

Nyhende

Tysdag formiddag hadde Statens vegvesen kontroll ved Nordfjordeid trafikkstasjon. Det var tungtransport og vekt som stod i fokus under kontrollen.

Ifølgje Statens vegvesen var 21 køyretøy inne på kontrollplassen, medan 8 køyretøy vart kontrollert.

Alle fekk kontrollert vekta, og alle var innanfor grensene. I tillegg til dette var det eit køyretøy som fekk bruksforbod grunna ikkje riktig underkøyringshinder. Dette skal ha blitt retta på staden, og føraren fekk køyre vidare.

– Dette var ein svært positiv kontroll, og viser at vi har mange flinke førarar ute på vegen, melde Statens vegvesen.

Gebyr og bruksforbod

Måndag hadde Statens vegvesen også kontroll. Då var dei på plass på Kjøs. Totalt 94 køyretøy var inne på kontrollplassen, medan 26 vart kontrollert.

Ifølgje Statens vegvesen var det eit vogntog som var overlasta med 1900 kilo, og fekk difor eit gebyr på kroner 4700 grunna dette. Sjåføren måtte laste av til lovleg vekt før vidare køyring. Ein sjåfør fekk køyreforbod grunna avstand til underkøyringshinder var for stor. Dette måtte betrast før sjåføren fekk køyre vidare.

Ein sjåfør måtte også fjerne gjenstandar i siktsona før vidare køyring.

I tillegg til dette var ein lett lastebil overlasta, og måtte laste av 500 kilo før vidare køyring. Eit vogntog vart også sende rett til verkstad ettersom svingkransen på framakslingen på tilhengar var laus.