Harpefossen Skisenter

Tapar opp mot ein million

Det er fleire meter med snø på Harpefossen og i ei normal påsketid hadde Harpefossen Skisenter venta inntekter på opp mot ein million kroner.

HARPEFOSSEN: Grunna stengde heisar og kafear dei siste helgene og gjennom påska, vil Harpefossen Skisenter truleg tape opp mot ein million kroner. Dei er ikkje einaste skisenter som no tapar pengar, og no markerer alpinanlegga over heile landet med fakkelhjarte.   Foto: Øystein Torheim

Nyhende

– I går målte eg tre meter med snø oppe på Kjenndalsvatnet, men i høgda er det nok nærmare fire meter. Det er ganske mykje. Eg snakka med Andor Smørdal og då sa eg at eg ikkje kan hugse at det har vore så mykje snø i fjellet før. Det kunne ikkje han heller hugse og han er 86 år. Hadde vi hatt normale tilstandar no, så kunne vi ha opna alt vi har av heisar og løyper. Dersom vi skulle opna Kjenndalsheisen måtte vi nok brukt to til tre dagar for å få den laus. Den er heilt nedsnødd. Det seier litt om kor mykje snø det er her, seier Tore Kroken Karlsen, operativ leiar ved Harpefossen Skisenter.