Opprettar nytt beredskapsteam

Kommunane Stryn, Gloppen, Stad og Bremanger vil no arbeide tett saman i eit nytt beredskapsteam for å bistå næringslivet med det dei etterlyser av tiltak og hjelp – både på kommunalt nivå og i Nordfjord som heilskap.

Kommunane Stryn, Gloppen, Stad og Bremanger vil no arbeide tett saman i eit nytt beredskapsteam.   Foto: aRKIV

Nyhende

– Vi jobbar på grasrota, har lokalkunnskapen og veit kvar skoen trykkjer. Dette gjer at vi er det beste bindeleddet mellom næringslivet og styresmaktene, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Stad og leiar i Nordfjordrådet. Kommunane vurderer situasjonen som svært alvorleg for næringslivet, og ønskjer å ta raske grep for å førebyggje ei utvikling som kan skade bustad-, arbeidsplass- og besøksattraktivitet i regionen på lengre sikt.